Enkelte ting tar lang tid; denne gongen har eg brukt 3 år på å sy ferdig dette teppet.
Var med i ein BOM - Snippespekulasjer - frå Lappemakeriet. Pakkane kom - fortare enn eg rakk å pakka dei ut!
Alle blokkene er handsydd rundt papir, så det var lett å ha arbeidet med seg rundt omkring.
Gitteret er sydd på med maskin. Handquilta er det nok ikkje, men her har eg som vanleg fått Meretes
Ouilteloft til å quilta teppet for meg.
No er iallefall dette teppet i boks, men har endå to større ufo-ar liggjande. Var nok inne i ein slags steam med BOM-ar ein periode, lett å la seg frista ......
Berre å stå på vidare, så vert nok dei også ferdige tilslutt vil eg tru.